bilde

Vampsuksess i Hedleberget"

(Avisa Hordaland)

Ikkje mange norske band klarar å selja ut to fulle hus på utescena i det gamle skiferbrotet i Hedleberget på Voss. Vamp frå Haugesund klarte det utan problem fredag og laurdag.

Få band er forunnte å få songane sine til å verta folkeeige i klasse med til dømes Åge Aleksandersen sin «Lys og varme». Vamp har klart det fleire gonger med til dømes «Tir n'a noir», «Månemannen» og «Liten fuggel». På konserten i Hedleberget vart sjølvsagt desse låtane spela, til stor begeistring og allsong frå publikum. Opphavleg skulle dei spela éin konsert på laurdag kveld. Men då denne konserten vart utseld etter ein halv time, vart det ein ekstra konsert fredag, som også vart utseld etter kort tid. Konsertmeldinga er frå konserten laurdag kveld.

Folkemusikk

Vamp har sidan starten på byrjinga av 90-talet rørt seg i viserocklandskapet, med tydelege referansar til både norsk folkemusikk og folkemusikk frå dei britiske øyane. Dei har vore tru mot denne stilen sidan dei starta på byrjinga av 90-talet. Ein kunne tenkja seg at med den tidlege suksessen dei hadde, kunne dei gå seg fast i gamle suksessar. Men Vamp har opp gjennom åra makta å fornya seg både med omsyn til tekstar og musikk, utan å gå veldig langt ut av suksessformelen sin. Dette gjer at dei kan reisa land og strand rundt og spela for fulle hus 26 år etter at dei starta. Få om nokre norske band har klart å halda kvaliteten på tekstane så høgt oppe som Vamp har klart gjennom alle år. Det starta med Øyvind Staveland sin musikk til tekstar av Kolbein Falkeid. Seinare har dei nytta tekstar frå diktarar som til dømes Lars Saabye Christensen, Hans Børli, Ingvar Hovland og Inger Hagerup.

Dyktig

La meg slå fast med ein gong: Vamp er eit dyktig liveband. I 2014 kom den opphavlege vokalisten Jan Ingvar Toft tilbake til bandet, 17 år etter at han forlét Vamp i 1998, For mange var Toft sjølve lyden av Vamp i den fyrste perioden. Han har ein eigenarta måte å syngja hudlaust på som går rett i hjartet på publikum. Han seier ikkje mange ord frå scena, det treng han ikkje. Gjennom sine særprega tolkingar av låtane, kommuniserer han med publikum så det held. Innimellom finn han på morosame ting på scena også. Dette er med og skapar den gode stemninga som var mellom scena og publikum i Hedleberget laurdag kveld.

Blanding

Vamp spela ei blanding av nye og gamle songar i Hedleberget. Dei starta med songar frå dei siste åra. Denne skrivaren merka seg spesielt balladen «Støypt i rav», skriven av Odin Staveland (musikk) og Helge Torvund (tekst). I eit elegant og spesielt arrangement song Jan Ingvar Toft balladen så håret reiste seg på armane til fleire enn denne meldaren. Etter kvart kom også dei gamle songane, til stor begeistring mellom publikum. Ein av dei aller beste låtane frå 90-talet, er «13 humler», skriven av Jan Ingvar Toft (musikk) og Arne Birkedal (tekst). Musikken har referansar også til latinamerikansk musikk, både rytmisk og harmonisk. Den er skreddarsydd til Tofts litt raspande stemme, og var eitt av høgdepunkta for denne meldaren.

Intensitet

Det skal noko til å halda opp høg intensitet på scena i 1 1/2 time. Nokre få gonger under konserten fekk eg kjensla av at Vamp gjekk litt på autopilot. Slik var det då dei spelte «Tir n'a noir», til elles vill begeistring frå publikum. Men slike små minus trekkjer ikkje så mykje ned på heilskapen til konserten. Arrangementa på låtane er gjennomtenkte, dynamiske og svært godt framførte. Det har ein fin balanse mellom å få tekstane til å skina, og å gjera låtane interessante musikalsk. Lyden var også svært god på denne konserten.

Dyktige musikarar

Musikarane er dyktige. Spesielt vil eg nemna gitaristen Bjørn Berge. Mange kjenner han som sin særs dyktig bluesartist som har spela mange solokonsertar i inn- og utland. Mens gamlegitaristen Torbjørn Økland kunne henta idear frå jazz, ikkje minst då han tok fram trompeten, står Berge støtt i sitt blueslandskap. Han spelar slidegitar på dei fleste av låtane, og gjev dei eit blues- og rockepreg som kler låtane til Vamp svært godt. Også Lars Eirik Støle sitt elegante og smakfulle spel på Hammond B3 og andre tangentar må nemnast. Bassist Kjetil Dalland og trommeslagar Odin Staveland utgjer eit særs stødig komp som er med og lyftar låtane. Publikum gav Vamp ståande ovasjonar og gav seg ikkje før dei hadde spela to ekstralåtar.


Les saken hos Avisa Hordaland

Last ned en PDF-utskrift av artikkelen.

bilde

Vampsuksess i Hedleberget"

(Avisa Hordaland)

Ikkje mange norske band klarar å selja ut to fulle hus på utescena i det gamle skiferbrotet i Hedleberget på Voss. Vamp frå Haugesund klarte det utan problem fredag og laurdag.


Les hele saken

bilde

Vamp-suksess på «hjemmebane»"

(Agderposten)

Nesten som å spille på hjemmebane mente Øyvind Staveland da Vamp trakk over 1.500 publikummere til Bringsværd Kongsgård.


Les hele saken

bilde

Vamp vant kampen om publikum"

(Østlands-Posten)

I dag var det svært gode muligheter til å finne seg en artist man liker i Stavern, med tre konserter nesten samtidig. Vinneren var klar.


Les hele saken

bilde

Vamp i storform"

(Kvinnheringen)

Vamp kan kunsten å veksla mellom mjukt og hardt, råtøft og rørande i løpet av ein og same konsert.


Les hele saken

bilde

Vamp viste veg i Riddersalen"

(Grenda)

Laurdag og sundag viste at Vamp framleis har publikumstekke, og at dei framleis er i utvikling.


Les hele saken

bilde

Vamp fylte stranda"

(Ringerikets blad)

Begeistrede tilhørere applauderte. Vamp fikk stående applaus etter en heseblesende halvannen time lang konsert på Sundvolden med nytt og gammelt repertoar.


Les hele saken

bilde

De beste historiene"

(De beste historiene)

Etter 27 år er Vamp fortsatt blant de aller beste musikalske historiefortellerne og formidlerne her til lands.


Les hele saken

bilde

Sollid av Vamp"

(Fremover)

Ga en konsert det luktet både svidd, ramsalt hav og fugl av! Vakre ballader og leken irsk-inspirert folkrock spilt av et av Norges beste liveband er en uslåelig kombinasjon.


Les hele saken

bilde

Vamp imponerte en full sal i Kulturhuset i Namsos"

(Namdalsavisa)

På dagen 25 år siden deres første plateutgivelse, sto Vamp på scenen i Namsos. Det ble et aller tiders jubileum.


Les hele saken

bilde

Vamp - en opplevelse"

(Helgelendingen)

Vamp leverte en fantastisk konsert for et nesten fullsatt Mosjøen kulturhus.


Les hele saken

Eldre nyheter