Vamp på Nett: Vamp på Spotify Vamp på Wimp Vamp på iTunes Vamp på Platekompaniet Vamp på 7 digital Vamp på Facebook Vamp på Twitter Vamp på YouTube Vamp på EnkelKlarering.no Vamp i Gitarboka

Både vått og varmt med Vamp

Det vart vått for publikummarane under Vampkonserten i Melkevik torsdagskvelden, utan at det la nokon dempar på stemninga.

Vokalisten Jan Ingvar Toft hadde vedda på at det ikkje skulle regna meir i juli, han tapte det veddemålet. Likevel trassa publikum væta og kvitterte med energi og varme på repertoaret Vamp leverte. Somme var vel utstyrte og hadde full oljehyre, medan dei meir optimistiske fekk sitja der og la vatnet renna til inst langs kroppen.

Stemner mot konsert

Over ein time før konserten skulle starta hadde mange folk benkja seg i publikumsområdet i Melkevik. Under eit trugande skydekke seig det på med folk og det vart ikkje lite fullt før aktørane entra scenen.

Nær 1000 personar hadde løyst billett til konserten. Fram til andre låten kunne me vona på opplett. Då dei fyrste dropane spreidde seg forsiktig over folket, fortalde vokalist Jan Ingvar Toft om veddemålet sitt med vêrgudane, det hjelpte berre så veldig lite. Vatnet kom i større og mindre dosar under heile resten av konserten.

Nokre kraup forsiktig under paraplyar, andre delte regnjakka med naboen som ikkje hadde. Dei mest optimistiske lét det stå til medan vatnet draup, medan realistane sat varme og turre innom regnhyrene sine. Men temperaturen var til å leva med også for dei våtaste. Alle, våte som turre, responderte med glede og iver på låtane frå orkesteret.

Både stemningsfullt og rått

Vamp opna med ei helsing frå Kolbein Falkeid, «Hallo Adjø», dermed ver dei i gang. Publikum veit kva dei vil høyra når Vamp spelar opp. Kjende og litt mindre kjende viser og låtar høyrer med. Men dei får ikkje slutta før dei tre store er fullførte. «Tir Na Noir», «Månemannen» og «Liten Fuggel», må vera med. Undervegs spurde voklaisten om publikum ville syngja, og han gav seg ikkje før han fekk eit rungande JA!! så vart det stille. Folk ville jo syngja med, og det fekk dei.

Det vart delvis allsong, det gav litt varme til dei våte. Brått takka Øyvind Staveland for frammøtet og artistane forlèt scenen.

Men kor vart det av «Liten Fuggel»? Her vart dei klappa inn att, sjølvsagt vart dei det. Avslutninga vart eit vart og vakkert fløytespel med ei like vakker vise, «Øyentrøst». Og til slutt; Odin Staveland sin kjende versjon av «Liten Fuggel». Og folk song med. 

Les hele artikkelen hos Bømlo-nytt

Les anmeldelsen som pdf

Hva synes du om «Både vått og varmt med Vamp»