Vamp på Nett: Vamp på Spotify Vamp på Wimp Vamp på iTunes Vamp på Platekompaniet Vamp på 7 digital Vamp på Facebook Vamp på Twitter Vamp på YouTube Vamp på EnkelKlarering.no Vamp i Gitarboka

På bredden av det fantastiske

Faksimilie Tysvær bygdeblad 27.10-2015

Vamp hadde lova ei stor konsertoppleving i Tysværtunet. Og det er berre å bøye seg i støvet. 22 songar frå den aller øvste hylla fekk fram både latter, alvor, allsong og trampeklapp. Ein klarare seksar på terningen skal ein leite lenge etter.

Det er ein sånn konsert kor ein sitt og lurar på kva som var aller best. Jan Toft entertainer i toppklasse, eller Bjørn Berge og hans gitarar. Odin Staveland bak pianoet eller trommene. Nykommerane Kjetil Dalland og Lars Eirik Støle. Eller sjefen sjølv Øyvind Staveland. Det er vanskeleg å velje. Det er noko med dei alle seks. Tilsaman blir dei vamp anno 2015. Og du verden for eit Vamp.

Hitparade
Kva så med songane. Første gong det tok av varalt på song nummer fire «13 humler».
Øyvind Staveland fortel:
– Det er måndag kveld i storsalen på Tysværtunet. Allereie etter eit par songar er alle i salen med. Heilt fantastisk oppleving for oss på scena. Ikkje rart me er glad i spele i Tysværtunet.
Så eit par nye, godt tatt i mot før det blei heilt stille.
«Men går eg øve engene» lista seg gjennom salen til eit av kveldens mange høgdepunkt. Det var magisk nokre minuttar. Eit sterkt møte med flyktningsongen «Passasjerane», og Toft klimpret i gong på «Tir na Noir». Folket i salen var med, det var litt annleis, men det var slik songen skulle vere. Eit par kikka forsiktig bak teppet og så etter ei kvinne, men Toft klarte seg aleine. Sjølvsagt gjorde han det.
Ikkje lenge etter kom kvelds toppsong for oss: «På bredden». Ai, ai, ai.

Mykje moro
Jan Toft var i storform og leika seg gjennom songar som «Hønsahus» og «Malaren», før ein blytung versjon av «Månemannen» avslutta det heile.
Eller, når alle landets aviser har fått med seg at det kjem ekstranummer, så gjer det nettopp det.
Ein nydeleg versjon av «Ferskenblomsten» før Odin Staveland leika seg gjennom publikumsfavoritten «Liten fuggel».
– Me er utruleg takknemleg for at folk har gitt oss så mange gode tilbakemeldingar på turnen og på plata. Eigentleg er me litt overvelda for det er ikkje alltid lett å starte på heimebane. Nå skal me vidare og kjem nok til å bytte inn og ut nokre av songane. Folks akl få det dei vil ha, men me har så mykje som fungerar bra og som karane bak her vil spel, avslutta ein tydeleg godt nøgd Øyvind Staveland.
Og det har han og bandet all grunn til. Vamp har levert nok ein gong, til full sal sin store begeistring.

Alf-Einar Kvalavåg

Les hele anmeldelsen hos Tysvær bygdeblad

Les anmeldelsen som pdf

Hva synes du om «På bredden av det fantastiske»