Vamp på Nett: Vamp på Spotify Vamp på Wimp Vamp på iTunes Vamp på Platekompaniet Vamp på 7 digital Vamp på Facebook Vamp på Twitter Vamp på YouTube Vamp på EnkelKlarering.no Vamp i Gitarboka

«Vamp-lokomotivet» stoppar på Bømlo

Faksimilie Bømlonytt 23.10-2015

Ny plate og ny turné. Konserten i Bømlo kulturhus på sundag er berre andre staden der Øyvind Staveland & Co i Vamp spelar dei ferske låtane frå kritikaromtykte «Populas».

- Me har fått ei fantastisk mottaking på den nye plata vår. Langt over det me kunne venta oss, seier Øyvind Staveland, frontfigur i haugesundsgruppa Vamp, som sidan platedebuten i 1993 og fram til i dag har vore i elitedivisjonen i norsk populærmusikk.
For nokså nøyaktig ei veke sidan vart den nye studioplata til gruppa, «Populas», sluppe på marknaden. Musikkmeldarar har trilla terningar, og utteljinga er flott for haugesundarane. Seksarar, femmarar, firarar. Superlativa om produksjonen har hagla i pressa. Lokalavisa Haugesunds Avis gjev ein seksar, og kallar plata den beste gruppa har gjeve ut.

Ei lang reise

- Dette er studioalbum nummer 10 i rekkja, men totalt sett er det 16 plater me har gjeve ut. Ein del «live»-innspelingar, mellom anna med kringkastingsorkesteret, og samleplater kjem i tillegg, seier Staveland.
- Når du ser tilbake til fyrste gongen Vamp gav ut plate, hadde du trudd at du ville få ei fleire og 20 år lang karriere med bandet?
- Det er eit godt spørsmål, det. Nei, me gjorde nok ikkje det den gongen. På den fyrste plata var me overlukkelege. Nokon ville satsa på oss, og me vona berre at plate nummer to ville komma. Me våga ikkje å tenkja lenger. Mot slutten av 1990-talet, med ein del plateutgjevingar bak oss, og der me hadde fått oss eit publikum, byrja det å festa seg at me kunne få ei lang karriere med bandet. Det er uansett ganske fantastisk når eg ser tilbake, det som har skjedd med Vamp, seier Staveland.
- Det er ei nygammal gruppesamansetning på Vamp denne gongen?
- Ja, det er jo det, seier Staveland om at Jan Ingvar Toft er tilbake i gruppa. Han var ein sentral figur i bandet frå starten heilt fram til 1998, då han sa opp på direkten i studio under eit radiointervju heime i Haugesund.
- Det er mange år sidan eg og Jan Ingvar Toft spelte saman sist. Eg kjenner at det er godt å spela med han igjen. Det er lenge sidan me har laga ei plate saman, og eg kjenner at det har skjedd mykje spennande mellom oss i prosessen med denne nye plata, fortel Staveland.
Nye bandmedlemer elles, etter at det vart kjent at Paul Hansen, Calle Apeland og Torbjørn Økland hadde slutta i bandet i fjor sommar, er gitarist Bjørn Berge frå Haugesund/Sveio og bassist Kjetil Dalland, oppvaksen på Tysnes, busett i Tromsø. I samband med plata og turnéen er bandet forsterka med Lars Eirik Støle frå Haugesund på tangentar.

Ei konseptplate

Jobben med å laga «Populas» har vore ein av dei kortaste plateproduksjonane i gruppa si lange soge, fortel Staveland. Bandet slik det står fram no, byrja å spela saman sist sommar, i byrjinga med å øva inn det kjende låtrepertoaret til Vamp. Etter kvart starta skrivinga av nye låtar. Fyrste runde i studio gjekk føre seg i januar/februar i år, det siste av låtmaterialet vart spelt inn såpass seint som i slutten av august. Låtsnikringa har vore fruktbar. Mykje kom ikkje med på plata, seier Staveland, men ligg klart til kommande produksjonar.
Tradisjonen tru har bandet også denne gongen knytt til seg kjend litterær hjelp på tekstane. Lars Saabye Christensen, Paal-Helge Haugen, Helge Torvund og Ingvar Hovland er alle forfattarar kreditert med tekstar på «Populas». Denne gongen har heller ikkje bandet gått langt for å finna produsent. Den jobben har Odin Staveland, sonen til Øyvind Staveland, gjort. Odin spelar slagverk og er vokalist i Vamp, i tillegg til Jan Ingvar Toft.
- Odin er yngre enn oss andre i bandet. Det gjev ei spennande tilnærming til låtane. Han har også produsert plater for andre artistar, og denne gongen vart det eit naturleg val at han tok jobben, seier far sjølv.
Han fortel at «Populas» er eit konseptalbum. Alle låtane handlar om ulike menneskelagnader.
- Meir eller mindre tilfeldig oppdaga me at låtane hadde dette som tema, og då la me vekt på at dette skulle bli den raude tråden for plata, seier Staveland.

Kjenner tryggleik på Bømlo

Han er samd med dei som ser den nye plata som eit tidsskilje for bandet.
- Eg kjenner på meg at dette er noko nytt. Det er ei fornying av bandet. Me har lagt vekt på å ta bandet den vegen me sjølv ynskjer, gjera det som passar oss, ikkje andre. Å prøva å møta andre sine forventningar, er sjeldan vellukka. Uroa eg har i samband med kvar plate med ein gong ho er ny, om dette går bra, ja, den var den same denne gongen også, understrekar Staveland, glad for godorda som har komme rundt «Populas».
- Eg må spørja, sidan de skal ha konsert i Bømlo kulturhus, og avslutta hovudfeiringa av at dette bygget er 10 år i år, korleis er det å spela på Bømlo?
- Heilt sidan starten på Vamp, har Bømlo vore viktig for oss. Det var ein av dei stadene me fyrst spelte konsertar. Me har hatt god nytte av støtta me har i publikum på Bømlo. Kvar gong me spelar, kjenner me ein stor tryggleik. Ta konserten vår i Moster Amfi i sommar. Eit forferdeleg vêr. Slåvatn, aldeles. Mykje folk og stor stemning, trass alt. Ei utruleg flott oppleving for oss på scena, rosar Staveland.
Sjølv har han slektsrøter på Bømlo. Oldeforeldra hans kom herifrå, flytta til Haugesund og putta ein e- inn i etternamnet sitt, for å skilja seg ut litt, trur Vamp-frontfiguren. Kvar gong Vamp har konsert på Bømlo, og det har vore ein del av den sorten opp gjennom åra, endar det opp med at Staveland helsar på ein fjern slektning, og får høyra kven han liknar på i slekta her nord for fylkesgrensa.
Konserten på sundag vert ein av dei fyrste på lanseringsturnéen som gruppa no legg ut på i kjølvatnet av utgjevinga av «Populas». Tre konsertar i forkant i Haugesund på fredag og laurdag, så Bømlo, og Tysvær på måndag før vegen går over fjellet til konsertar på Austlandet.
- Dei som kjem på konserten i kulturhuset, får med seg eit utval av låtar frå den nye plata i tillegg til låtane som du ventar å få høyra om du går på ein Vamp-konsert, lovar Staveland, klar til å helsa på fleire slektningar på Bømlo.

Les hele artikkelen hos Bømlonytt

Les artikkelen som pdf

Hva synes du om ««Vamp-lokomotivet» stoppar på Bømlo»