Vamp på Nett: Vamp på Spotify Vamp på Wimp Vamp på iTunes Vamp på Platekompaniet Vamp på 7 digital Vamp på Facebook Vamp på Twitter Vamp på YouTube Vamp på EnkelKlarering.no Vamp i Gitarboka

- Kom og nyt oss

Faksimilie Tysvær bygdeblad 20.10-2015

Øyvind Staveland og Vamp er glade i Tysværtunet. Så glade at dei inviterer til musikals nyting

For det er musikken Staveland inviterer folk til å nyte. Med ny besetning og ein lang og spennande turné på gang, er bandet i storform om dagen.
– Tysværtunet er ein konsertsal kor me kjem tett på publikum, kor det er god lyd og kor det er svært motiverande å spele. Det er ein stad kor ein trygt kan invitere vener til å nyte Vamp-musikken. Difor har me i bandet for lengst merka ut 26. oktober på kalenderen, seier Staveland.

Nytt Vamp
Bjørn Berge, Odin Staveland, Øyvind Staveland, Kjetil Dalland og Jan Ingvar Toft er Vamp anno 2015.
– Det som gjer denne turnestarten ekstra spennande er at me i dag slepp albumet «Populas». Det betyr at konsertane utover kjem til å innehalde songar frå den, samt mykje av det som folk vil ha, og som dei etter kvart er blitt kjende med.
– Det betyr at det ikkje er nokon fare for at songar som «Tir n’a noir» har hamna i arkivet?
– Eg har alltid sagt, og meint, at me skal spele dei songane som folk vil ha. Nå har det blitt mange slike etter kvart og det er ein jobb å sette saman eit program på omlag 90 minuttar. Men eg kan garantere at me speler hitane våre. Mest av alt fordi me veit at mange av dei betyr svært mykje for vårt publikum, men også fordi me liker å spele dei. Og med Bjørn Berge på gitar, er fleire av dei blitt litt «nye».

Trufast
Vamp har klart det mange har feila med, nemleg blitt profetar i eigen by.
– Det er sjølvsagt kjekt, men også litt ekstra når me planlegg konsertar. Det er litt meir press å spele på heimebane. Det som er flott denne gongen er at me speler i Maritim Hall kor det er plass til mange, men samstundes kan tilby omlag 300 sitteplasser og tett-på konsert i Tysværtunet. Eg har store forventningar til begge deler, seier Staveland.
– Korleis har overgangen til «nye» Vamp vore?
– Det har sjølvsagt vore ein prosess, men me har funne tonen. Jan var me kjent med frå før, og mange gleder seg til å treffe og høyre han igjen. Bjørn er ein kjend gitarist på Haugalandet. Han er litt rett på musikalsk, og det har kledd songane våre, meiner eg. I tillegg vil ein høyre Vamp-låtar med banjo for første gong. Det er eit litt annleis Vamp, men for all del, framleis det Vamp som folket kjenner og som dei heldigvis framleis vil komme å høyre på, seier Øyvind Staveland.

1993
Vamp albumdebuterte med «Godmorgen, Søster» i 1993 og kjem med si plate nummer 10 eller 15 (litt korleis ein tel) i dag.
– Det har vore eventyrleg for oss, og me har fått gjere alt det me kunne drøyme om. Det som då er godt å registrere er at bandet er like motivert og gira på ein ny turné. Det å gi ut musikk er akkurat like spennande og nervøst som i 1993. Det er slikt som driv oss vidare. Likevel må eg få trekke fram det å komme ut og spele, treffe folk og gi dei det dei vil ha. Om det er «Liten fuggel», «Tir n’a noir» eller ein annan favoritt. Me gleder oss, og som sagt, i Tysværtunet blir det rikeleg med anledning til å nyte det beste og det nye frå Vamp. Det lover eg, avsluttar Øyvind Staveland.

Les hele artikkelen hos Tysvær bygdeblad

Les artikkelen som pdf

Hva synes du om «- Kom og nyt oss»