Vamp på Nett: Vamp på Spotify Vamp på Wimp Vamp på iTunes Vamp på Platekompaniet Vamp på 7 digital Vamp på Facebook Vamp på Twitter Vamp på YouTube Vamp på EnkelKlarering.no Vamp i Gitarboka

Forrykande energi og varme frå Vamp

Faksimilie Møre 2.6-2013

Vamp leverte laurdag kveld eit forrykande show for nær 900 tilhøyrarar i uteamfiet på Ivar Aasen-tunet.

Eit av dei store høgdepunkta under årets festspel var konserten med Haugesund-bandet Vamp. Det folkekjære bandet serverte tilhøyrarane i skråninga ved uteamfiet ein hitparade av sine mest kjende songar.

Band i storform
Vamp er for tida ute på sin årlege sommarturne, og bandet var fullt av energi og speleglede laurdag kveld. Det var opphaldsver og kjølig i lufta, men dei sju musikarane på scena fekk varmen i publikum frå fyrste tone.

- Tusen takk og hjarteleg velkomne til konsert. Vi skal prøve å spreie varme frå scena, sa sjefen sjølv, Øyvind Staveland, til dei frammøtte. Og sjefen heldt ord.

Eit av Noreg sine beste liveband
Vamp er kjent for å skape utruleg flott musikk som er kjent for dei fleste. Bandet serverte kjente songar som blant anna ”Hallo - Adjø”, ”Månemannen” og sjølvsagt den aller mest kjente, nemleg ”Tir na Noir”. Staveland og resten av orkesteret hans klarte å bringe fram både latter og tårer med sine sceniske sprell og rikhaldige songrepertoar. Samspelet mellom dei dyktige musikarane var svært tett, og stemninga dei skapte, samt spelegleda, var flott å sjå på. Å sjå far og son Staveland kose seg glugg i hel på scena, var flott å vere vitne til.

Takksamt publikum
Mot slutten av konserten gjekk stemninga i taket, og tilhøyrarane takka for konserten med ståande applaus. Det rutinerte bandet svara på tiltale. Dei spelte ekstranummer som bestod av nydelege ”Liten Fuggel” frå den siste plateinnspelinga deira med same namn. Vamp feirar i år 20 år som plateartistar, og kjem seinare i år ut med ei jubileumsplate. Alma Flo-Munch (8) hadde møtt opp for å få seg autograf frå bandet, og ho syntest Vamp var kjempeflinke.

- Favorittsongen min er ”Liten Fuggel”, kunne ho fortelje Møre.

Myggen likte òg det den høyrte i amfiet laurdagskvelden.

Les hele anmeldelsen hos Møre

Les anmeldelsen som pdf

Hva synes du om «Forrykande energi og varme frå Vamp»