Vamp på Nett: Vamp på Spotify Vamp på Wimp Vamp på iTunes Vamp på Platekompaniet Vamp på 7 digital Vamp på Facebook Vamp på Twitter Vamp på YouTube Vamp på EnkelKlarering.no Vamp i Gitarboka

Vamp vann over vêrgudane

Variasjon: Himmelen gret på enkelte låter, men ingen av dei 500 frammøtte vart spesielt våte. Vamp varma uansett godt med sitt mangfaldige repertoar. Foto: Hallingdølen

Litt regn sette ingen stoppar for Vamp. Laurdag leverte dei eit velplassert sett ved Iungsdalshytta.

Eit lett regnslør la seg over publikum i det Vamp entra scena.

Det gløymde ein straks "Ta meg med" kom i gang.

Sidan gjekk både vêret og musikken i bølgjer, frå lågmælte "Kim du nå va" til den meir fartsfylde "Månemannen".

Det musikalske høgdepunktet kom då solospelet til Torbjørn Økland skar gjennom skydekket og fjerna all tvil: Vamp er kome til fjellheimen for å bli - i første omgang ut helga.

Vokalist Paul Hansen får publikum med seg, men det er ikkje til å kome frå at det er Øyvind Staveland som er Vamp.

Dersom du er av dei 500 som har billett til sundagens konsertoppleving er dette tips å ta med seg: fjellklede, varme skift og sitjeunderlag.

Elles kan du eventuelt førebu det litt ekstra settlista frå laurdag:

  1. Ta meg med
  2. 13 humlar
  3. Sommarjenta
  4. Ingeborg
  5. Hallo - Adjø
  6. Kim du nå va
  7. Nok ein sang om havet
  8. På bredden
  9. Lindehålsma'en
  10. Sitte å tenke
  11. Våken drøm
  12. Tvangstankar
  13. Hønsahus
  14. Amanda
  15. Brista eller bera
  16. Ba
  17. Men går eg øve engene
  18. Månemannen

Les hele anmeldelsen hos Hallingdølen

Les anmeldelsen som pdf

Hva synes du om «Vamp vann over vêrgudane»